onsdag 11. juli 2007

På jakt etter DOLK s Friele.

Då eg begynte å fotografere tagga vegger var det ikkje lenge før eg fann DOLK. Og då var det gjort. No har eg rett og slett turar der eg leitar etter spor DOLK har sett i byen. (og i ein alder av 47år) Eg veit ikkje, eg vil tru det er meir krevande å jakte elg, for eg kjem stadig over det eg er på jakt etter. Vel, det er nokre DOLK eg gjerne skulle hatt, men ikkje har komme over. Kanhende kjem eg ikkje til å finne desse nokon stad, så det stemmer ikkje at eg nødvendigvis finn det eg jaktar, men eg finn noko.

I dag var eg ute etter Friele.



Klikk på bildet så får du han i stort format.

Eg visste eg ville finne DOLKs Friele under Smørsbroen og tok bussen til Østre Murallmenning.
Der hadde eg allereie funne denne.Den tek eg med, for sjå berre på posituren og sammenlikn med Friele:)



Vel,då bussen passerte Torget fekk eg novel ein glimt av noko som måtte vera ein DOLK mellom Torget og hurtigbåtane, så før eg kunne finne Friele måtte eg tilbake for å sjekke.

Visst var det DOLK





Ok, så var den på plass i SD-kortet, og eg kunne begi meg mot Smørsbroen og Friele.
Nesten framme ved Smørsbroen kjem eg no vel over denne; enda ein Che Guevara



Til venstre i bildet ser du Smørsbroen, og under den veit eg at Friele befinn seg.

Etter at eg hadde fotografert ordføraren, og vore innom Japan Foto for å skaffe meg nokre GB å lagre foto på, gjekk eg for å ta bussen heim.
MEN eg hadde enda meir i vente, for på Narvesen på Torgallmenningen, ja der stod nok ein DOLK i veggen

16 kommentarer:

Elisabeth Augusta sa...

fin tur, gitt
fin friele

Anonym sa...

Oi, utrolig stilige!!:-D

Har selv faktisk hatt en liten favoritt som laget kyllinger rundt omkring der jeg bor...hehe. Mye av spaying er lite forseggjort men noe slik som dette fortjener å bli stående...

Stilig at du tar bilder og legger ut!!

Tone sa...

ja, det var ein fin tur. Det er litt fint faktisk å vere på utkikk etter desse; det er og kjekt med eit kompaktkamera som alltid ligg i veska.
Det er så mange filter vi kan sjå omgjevnadene gjennom, og når ein ser etter 'noko' oppdagar vi fleire ting vi ikkje har vore oppmerksom på før.
Det er ikkje så dummt å skifte filter, fokus og synsvinkel iblant :)

Vis oss kyllingane då, Sipusa.

Svenn sa...

Og i dag skriver BT om gatekunsten (også på nettutgaven). Jeg tipset dem om settet ditt på Flickr (og mitt :-)). Berømmelse neste.

Tone sa...

TAKK FOR TIPSET
Gu, eg ante ikkje at det har funnest ein Banksy i Bergen. Dei veit no neimen ikkje kva dei gjorde.
Var det ikkje ein som sa noko slikt som '...tilgi dem far, de vet ikke hva de gjør'
Dolk er på Europaturne no. Fekk kommentar på ein Flickr kommentar at han visst var i Lisboa då, men det er nokre dagar sidan. Det ligg mange nye DOLK som eg ikkje har sett før på Flickr.
Nokon er berre nydelege.

Pinneguri sa...

Ja, jeg håper du tipsa om mine også, Svenn ;)
Artig at det har tatt helt av, @tone. Det var dte jeg visste, det lå en "liten" konkurrent i deg likevel :D) Men Mona Lisa i Blåkorshuset fikk du ikke med deg? (He, he ...)

Tone sa...

Nei, og eg misforstod kva for ei 'Mona Lisa' du meinte.Eg har fundert slik på kven som har laga denne med jihab at eg ikkje tenkte på den eg har gått og misunt deg.
Eg skal ha henne altså. Og når DOLK er tilbake håpar eg vi får sjå dei nye her i Bergen og.

Eg får jo lyst å reise for å fotografere vegger eg no. Før hadde eg lyst å dra for å sjå kunstmuseum og utstillingar. Det har eg jo fortsatt, men eg ville nok sjå etter gatekunsten nesten like mykje.

Anonym sa...

Stilig, Tone. Relativt ukjent territorium for meg, men jeg ser at detta kan en bli hekta på. Monika

harlequinpan sa...

i love these GRAFFITIS!they are vivid!!more and more graffitis in my city ,although they are still illegal in my country.

Tone sa...

Javisst, Monika; ein kan bli hekta.Det er jo litt kjekt når ein oppdagar at ein har verkeleg god gatekunst så tilgjengeleg.

And Harlequinpan; I love these stencils too, and Graffiti is illegal here in Norway too.

Muffin sa...

For en iver du legger for dagen! Forstår ikke helt poenget med det Friele, men så er jeg jo også nordlending ;-) Sjekk bloggen min, har nevnt deg der!

Tone sa...

Poenget med Friele? Kanhende skulle eg legge inn litt meir om dette.
Eg kan jo ikkje vite sikkert kva som har inspirert DOLK, men eg ser det som ein kommentar til at Friele i ordførarperioden opptrer i Reklamefilm for Kaffehuset Friele der han er adm. direktør. Dette har skapt debatt her i Bergen.
I DOLKS stencil ser vi dollartegnet I ordførarkjedet.
Synest det er ein utmerka kommentar til denne miksinga av ordførarrolla og marknadsføring av eigen virksomhet.
Har kikka i bloggen din:) så stas då! Tek sjølvsagt utfordringa, men gi meg nokre dagar.

GAWO sa...

Det her var stilig. Har som oftest gått rett forbi vegger meg tagging, men etter ditt innlegg kommer jeg til å kikke nøyere etter. Og jeg kan takke Muffin for at jeg fant fram til bloggen din. Jeg linker til deg... og håper du synes det er OK. :-)

Tone sa...

Gjekk rett forbi eg og, like til mai 2007.
No ser SER eg tagging som gjer meg glad fordi det er tilpassa omgivelsane og gjer området vakrare. Og eg ser tagging som gjer meg trist fordi det gjer det vakre mindre vakkert.

Klart det er OK at du linkar.

Anonym sa...

friele har blitt malt over dessverre...

Tone sa...

Nei, er det sant?
Gu, då var det bra eg fekk vist den til Elisabeth i forgårs. Det må ha skjedd no i dag eller i går dette. MEN såg eg den ikkje i går då tru?