laurdag 29. september 2007

Det rare.

Eg er utfordra av BeateUtfordringa går ut på at eg skal finne 7 rare ting ved meg, og utfordre 7 andre bloggerar.
Det ville sikkert vere lettare for alle andre enn meg å finne noko rart ved meg då, men eg skal prøve.
Om eg ikkje greier 7 i kveld får eg ta det litt over langs.
1 - Eg har aldri sett ein heil episode av Hotel Cæsar.
2 - Eg har veldig lite gjeld.
3 - Eg har opplevd å gløyme kor gammal eg var, så eg måtte begynne å rekne.
4 - Eg har sans for Bergenspatriotismen.(Dei er veldig langt frå sjåvnistar)
5 - Eg er ei kvinne farleg nær 48 år og flyg rundt og fotograferer Bergens streetart og andre spor på Bergensveggen. I tillegg legg eg alt dette i forskjellige bloggar.
6 - Eg har aldri opplevd å kjede meg (når eg er heime.)
ååå..no er det berre ein ting igjen...

Så utfordrar eg Bloggdama,som er så heldig å ha ein parsell
Helle
,som er ny'bloggar
Elisabeth,som har laaang bloggerfaring, og utfordrar seg sjølv på merkverdig og modig vis.
Petunia,som har ein blogg mange kosar seg med
Mettepia som var min første hemmelige venn
Illumina som har så fine sjølvproduserte ting i bloggen sin.

No gjenstår ein rar Toneting og en bloggar å utfordre.
Det kjem, det kjem.

torsdag 13. september 2007

Nokon gonger

Nokon gonger, som når eg et eit godt måltid sammen med venner foreksempel.
Då er eg glad eg vart fødd som menneske i dette livet.
















søndag 9. september 2007

To Harlequinpan

Harlequin, you asked me what this mask is for. If we can drink water out of it.
No, we can't drink out of it.





I'm not sure, but I think the water run out from this mask come from the gutter you see on this photo.

torsdag 6. september 2007

MASKE II


Bergen, Nordnes.

Hjertet på verftet.


Kaien ved USF verftet har blått hjerte.
Det er dødt, livlaust, sementert
rundt det blå hjertet.

tysdag 4. september 2007

MASKE I


Bergen, Nordnes

Eg har sendt ei stille takk til gartnaren som ikkje var flittigare enn at det fekk gro ugras utav maskens auga.

Eg trur neppe at andre reagerer som meg på dette, men eg reagerer faktisk sterkt, og synest det er grotesk. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg trur kanhende at det som er av liv der, gjer noko med korleis eg ser maska.