fredag 22. juni 2007

Eksotiske Snilstveitøy

I dag kom eg over den mest eksotiske nettsida eg har sett særleg på til no; Øyaposten. Eg har verkeleg kosa meg med denne nettavisa frå Snilstveitøy. Den fine øya som ligg ein liten rotur frå Rosendal.
Sjølv har eg aldri vore på sjølve Snilstveitøy, men på Kalven ein holme ved øya. Det var då eg gjekk i 9.klasse at me hadde badetur til Kalven.
Eg kan ikkje minnast å ha sett eit foto frå øya eingong, men rikeleg med utsikt mot Snilstveitøy har eg då hatt.

No har eg sett på så mange vakre foto frå Snilstveitøy på denne nettsida. Eg har lese om Brakje som velta i stormen, korleis hjortejakta har arta seg på Snilstveitsøy,om flaum og om flo... Har du ikkje andre planar for dagen, så kan du jo ta deg ein tur inn i eit lite lokalsamfunn i Sunnhordland

3 kommentarer:

Elisabeth Augusta sa...

Dette var jammen ei side med klasse over. Tenk på alle de flotte plassene vi har like rundt oss som vi aldri kommer til å sette vår fot på. Så finner noen på å feste dem til film og så er vi der allikevel.

mettepia sa...

Se her ja. Massee flott. Så mye fint og ta bilder av og så liten tid. Ønsker deg en flott tirsdag og ei riktig så fin uke :)

Elin sa...

Heisann Tone, no er det lenge sidan sist! Ja, eg er einig med deg i at det var ei veldig flott nettavis laga på heilt privat basis, ettersom eg forstår. Utruleg alt ein kan sjå og lære via nettet, og kva arbeid mange legg ned i slike ting!
Vel, denne plassen ligg langt utanfor min allfarveg til vanleg, men artig likevel.
Korleis går det på syfronten då? Med meg går det litt trått, men eg har starta opp att maskina faktisk... og sydde nokre blokker i går før eg fekk besøk. Skal prøve å sy eit teppe til dottera mi til myndighetsdagen 20. juli, men det kan halde hardt. Har berre 3 veker på meg, og på dei vekene skjer mykje! Ha ein riktig fin sommar, og skulle du ta E 69 nordover, så er det berre å ringe..