torsdag 31. mai 2007

Utfordring: SJÅ nærmiljøet ditt.

Alle dei gonger eg har traska forbi kumlokka her i Bergen.

Sett kumlokka har eg ikkje før i dag.

Eg likar så godt den opplevelsen når eg plutseleg ein dag legg merke til og ser slikt eg har hatt rundt meg men knapt registrert var der.

MORALEN BLIR: - gå ikkje med nasen i sky, for då ser du berre Ulriken, Fløyen og rådhuset.



Eg utfordrar alle som besøkjer bloggen til å stille blikket på makro og sjå det du har like rundt deg. Legg ein link under her då dersom du legg noko nyoppdaga i bloggen din :) så eg får kikke innom og sjå.



Og eg utfordrar Mettepia, Tiril sol , Petunia, Grethe Kristin

tysdag 22. mai 2007

Eg er utfordra av Rita

Eg er utfordra av Rita til å skrive om favoritt parfymen min.
No har det seg slik at Eg er sååå lei av L'EAUD ISSEYen som var favoritt lenge. Den var frisk og herlig inntil eg var mett av den.
Eg har ikkje funne ein ny favoritt eg.

MEN - så får eg skrive om noko eg likar lukta av.





Det er mykje eg kunne velge blant det eg likar lukta av, men valet fell på lukta i rom der det blir arbeidd med tre. Eg berre nyt den lukta.



Ikkje nok med det; eg kan faktisk like lyden av saga og :-)





No utfordrar eg Silja Muffin og Elisabeth Augusta til å vise og/eller skrive om noko du likar lukta av.

søndag 20. mai 2007

Bloggane krympar

Eg har hatt storopprydding på Flickr, og når eg ryddar på Flickr då tynnest det i bloggen min gitt. Bildefelt for bildefelt vart tome fordi eg hentar bildene i bloggen frå Flickr.
Alle tre bloggane er ramma.
Eg har sletta nokre innlegg alt, og no står dei siste for tur.
Så er det ein post du leitar etter og ikkje finn er det dette som er grunnen.

måndag 14. mai 2007

søndag 6. mai 2007

Plukke favorittar

Acryl på akvarellpapir

No har eg vore tre månader på Flickr,og i dag er første gong eg har sett denne teksten under eit foto:"1 person counts this photo as a favorite" og meir skulle det ikkje til for at biletet får sin plass i Allrommet :)
Meir skulle det heller ikkje til for at eg skulle farte rundt på Flickr og finne mine favorittar.
Eg har berre brukt Flickr som lagringsplass for foto, men dette gav meg puffet ut i alle dei vakre bildene.
Så tipset er : har du Flickr konto, så plukk favorittar.
Og om du ikkje alt brukar Flickr, så går det an å prøve ein gratiskonto hvis det fristar.
Det som vart litt overraskande for meg var å sjå i kor stor grad bildene endra seg då dei kom i favorittsamlinga saman med andre foto enn der eg fann dei. Dei vart faktisk enda vakrare.