torsdag 26. april 2007

Slentre innom eit antikvariat.

Då eg var i byn i dag slang eg berre innom eit antikvariat i Lille Øvregate.
Det første eg såg var jo verket eg har så grådig lyst på om Bergens historie i 4 bind. Det har eg jo ikkje råd til då, men gu kor eg hadde lyst å ta meg råd til det.
Vel det er mykje å kikke på i eit antikvariat, der låg gamle vekeblad, dei selde ho for 10kr. no.Desse hadde kosta 25, men ho var så lei dei at ho hadde sett dei ned til 10.

Det var sikkert dummt å ikkje kjøpe nokre...eller var det egentlig?

Nei egentlig ikkje faktisk ... absolutt ikkje!!!!!

Eg kikka i ei kasse med bøker som har stått på Georg Johannesens kontor, og argumenterte med meg sjølv for å ikkje falle for fristelsen, forflytta meg til kunstbøkene, gu, dei var dyre tykte no eg då. Tilbake til Georg Johannesen kassa, og no avslutta eg denne indre mor - barn diskusjonen, let den vaksne ta kommandoen og sei: "Jo den kjøper eg."

Ja, så no er eg den lykkelige eigar av førsteutgåve av Sandemoses "Der stod en benk i haven" som har hatt tilhald hjå Georg Johannesen. Sjølv om det er bittelitt flaut , må eg likevel om eg er heilt ærleg innrøme at det er litt stas å ha ei bok Georg Johannesen har hatt.

Georg Johannesen og Aksel Sandemose, det er då første gong eg har linka dei to sammen :)

6 kommentarer:

grethekristin sa...

Så gøy,en fin skatt du har fått tak i.Jeg reiser til Bergen i morgen,skal være med sønnen min på Hansa-cup.Kanskje jeg finner noen skatter også.

Mauricio sa...

Hello @Tone :o)

Nice weekend for you and your family.

Take care.

Elisabeth Augusta sa...

Du var så flink til å handle atte! Fortsett med det.

Elin sa...

Morosame funderingar rundt eit antikvariatbesøk! Du verkar veldig litteratur-interessert, har du studert norsk, eller? Gøy var det i alle fall. Eg ryddar og pussar og stikk innom syrommet til pc-en med korte mellomrom. Veret er nydeleg, og då får eg arbeidslyst inne....
God helg!

Anonym sa...

Flott at noen fant noe i GJ-kassen de har glede av. Hilsen kassens redaktør A.B.

Tone sa...

Nææ, det var ein kjekk kommentar :) !!