onsdag 29. august 2007

Er Friele overmalt?

Det kom akkurat kommentar til posten 'På jakt etter DOLK's Friele ' : "friele er overmalt"
Det må ha skjedd i dag (eller no er det vel i går)Eg veit ikkje om eg trur det før eg får sjå det. MEN eg får nok sjå det.
For få dagar sidan viste eg den til venner av meg, så det har skjedd nyleg.Den eg ikkje fann då eg viste dei Friele, var Che Guevara som og var å sjå i Smørsgate.

Che var å sjå fleire stader. Friele har nok ikkje vore på vegger utafor Bergen, og eg kjenner ikkje til at den var å finna andre stader i byen enn under Smørsbroen.
Vel, då blir det jo plass til ein ny DOLK der. Det har jo slått meg i det siste at det begynner å bli smått med veggplass i sentrum no.

Fleire DOLK Lundgren stencils

30.aug.2007
Eg måtte jo sjå det, og jo SLIK ser det ut no

8 kommentarer:

Elisabeth Augusta sa...

Kommer du ned, så finner vi det ut!

Brit-Elin sa...

kjekt å se at du har fåt tilbake bildene dine igjen :) du tar mange flotte bilder!

@tone sa...

Dei bildene som er her er nok dei som ikkje forsvann.Vel om noko forsvinn undervegs så er det jo ikkje krise :)
Postane ligg lagra, men eg veit ikkje om eg skal laste nye bilde i dei.

GAWO sa...

Fikk med meg i dag tidlig på nettavisen at Friele var blitt overmalt Synd. Bra at du har bilde av han slik at det ikke er helt borte. :-)

Petunia sa...

Her var det bilder på bloggen igjen! Kan godt forstå at du "datt litt sammen" da de forsvant. Du får legge inn de bildene som mangler sånn litt etter litt.
Synd med Friele. Synes det var tøft jeg.

@tone sa...

Ja,Gawo, eg er glad eg er i gang med gatekunstfotografering, for det er ein del stencils det ville vere leit om dei vart overmalt og eg IKKJE hadde foto av dei.
Og Petunia, ja eg fekk meg ein overraskelse gitt, men no har eg lært.(trur eg)

Anonym sa...

Friele lever!
http://finn.no/finn/viewimage?finnkode=11078241&reference=1/110/782/41_50851237.jpg&adheading=Nyg%E5rdsh%F8yden+-+%27Ny%27+og+lekker++2-roms+toppleilighet+med+h%F8y+standard%2C+sj%F8utsikt+og+s%E6rpreg%21%0D%0A+Lys+leilighet+du+kan+flytte+rett+inn%21&sid=3cab5aewV861708&pos=33&tot=54&adTypeId=1&WT.svl=Minibilde

@tone sa...

Jøss!
Eg skulle gjerne hatt ein DOLK i/på veggen, men trur ikkje eg ville valt denne :)