onsdag 29. august 2007

Er Friele overmalt?

Det kom akkurat kommentar til posten 'På jakt etter DOLK's Friele ' : "friele er overmalt"
Det må ha skjedd i dag (eller no er det vel i går)Eg veit ikkje om eg trur det før eg får sjå det. MEN eg får nok sjå det.
For få dagar sidan viste eg den til venner av meg, så det har skjedd nyleg.Den eg ikkje fann då eg viste dei Friele, var Che Guevara som og var å sjå i Smørsgate.

Che var å sjå fleire stader. Friele har nok ikkje vore på vegger utafor Bergen, og eg kjenner ikkje til at den var å finna andre stader i byen enn under Smørsbroen.
Vel, då blir det jo plass til ein ny DOLK der. Det har jo slått meg i det siste at det begynner å bli smått med veggplass i sentrum no.

Fleire DOLK Lundgren stencils

30.aug.2007
Eg måtte jo sjå det, og jo SLIK ser det ut no

søndag 26. august 2007

100 000 norske barn

Det er for meg så ufatteleg; 100 000 norske barn lever med vald i familien fekk me høyra på Kveldsnytt i går kveld. Det er eit så enormt høgt tal; Stavanger har til samanlikning eit innbyggjartal på 114 000.

Eg hadde faktisk vore vaksen lenge eg før det gjekk opp for meg at det fanst vaksne som 'ikkje var snille' med barn.

Eg trudde det som fanst av naivitet var borte. Eg har møtt på personar som har opplevd vald, overgrep og frihetsberøvelse eg ikkje i min villaste fantasi kunne førestille meg at vaksne kunne utsetje barn for. MEN dette talet var overveldande.

Det overraskar meg derimot ikkje at 50% av barn som blir utsette for vald i heimen meiner det er deira skuld. Det ville ikkje overraska meg om prosentandelen var enda høgare. Det er ei kjent sak at barn føler seg skuldige. F.eks trudde ei lita jente at det var hennar skuld at ho vart utsett for seksuelle overgrep fordi ho trakka i dritt og måtte ta av seg strømpebuksa. Desse overgrepa kunne ho ikkje fortelje om, for det var jo hennar skuld.Det finst utallige slike forklaringar barn har funne på kvifor det skjedde, og det går igjen at dei legg skulda på seg sjølv. Ofte har dei fått ei god hjelp frå overgripar til å plassere skulda akkurat slik.

Dette talet; 100 000
100 000 norske barn er veldig mange norske barn.

laurdag 25. august 2007

Foto på avveie

No var det slett ikkje artig å opne denne bloggen.
Eg ser ein blogg full av kvite ruter der det låg bilde.
Har berre lyst til å banne med kjempestore bokstavar!

No vurderer eg altså: skal eg berre slette postane, eller skal eg reparere?
det får eg vel sove på då.

måndag 20. august 2007

Protect

Dette gjeld vel og bloggar vil eg tru.

Kopier gjerne til blogg og til Flickr.

tysdag 7. august 2007

Rockin' Girl Blogger

Tusen takk for Rockin' Girl status, MUFFIN !

MUFFIN er jo ein av Bloggerane eg gjerne kunne tenke meg å gi denne stafettknappen då.Det er gøy å kikke på foto og maleri i bloggen hennar.
MEN no tek vi turen nordover til
BEATE -ho målar, driv med håndarbeide, og fotograferer naturen der nord. Litt Bodø Glimt stoff finn du og i bloggen hennar.
SKYMRING har eg akkurat oppdaga.Ho har ein blogg eg heilt sikkert vil besøke ofte. Berre ta eit besøk der og sjå kor godt ho skriv.
ILLU-MINA har hender som får noko vakkert og unikt utav eitkvart materiale dei er i kontakt med.
MIANN har nyleg flytta inn i atelieret som ho har pussa opp. No er det visst nålefilting ho eksperimenterer med. Besøker du bloggen hennar må du ikkje gløyme å kikke på "mine bilder", heimesida hennar. Der går det fint an å tilbringe litt tid.