fredag 22. juni 2007

Eksotiske Snilstveitøy

I dag kom eg over den mest eksotiske nettsida eg har sett særleg på til no; Øyaposten. Eg har verkeleg kosa meg med denne nettavisa frå Snilstveitøy. Den fine øya som ligg ein liten rotur frå Rosendal.
Sjølv har eg aldri vore på sjølve Snilstveitøy, men på Kalven ein holme ved øya. Det var då eg gjekk i 9.klasse at me hadde badetur til Kalven.
Eg kan ikkje minnast å ha sett eit foto frå øya eingong, men rikeleg med utsikt mot Snilstveitøy har eg då hatt.

No har eg sett på så mange vakre foto frå Snilstveitøy på denne nettsida. Eg har lese om Brakje som velta i stormen, korleis hjortejakta har arta seg på Snilstveitsøy,om flaum og om flo... Har du ikkje andre planar for dagen, så kan du jo ta deg ein tur inn i eit lite lokalsamfunn i Sunnhordland

tysdag 5. juni 2007

Video verdt å kikke på!

Denne videoen bør du ta ein kikk på.
Karl Erik Brøndbo seier:
"Denne musikkvideoen lagde vi med kun d80 og fjernkontroll."

Og på kommentar om at det nok er lagt ned ein del tid på 'å mekke den til' :
"25 timer og kanskje 2000 stillbilder? En film tatt med d80 får bedre oppløsning enn HD-bilder og ser bedre ut enn videobilder tatt med kamera til en halv million. Så det er bare å løpe og kjøpe en fjernkontroll til 270 kroner."
>

Videoen er produsert av: Håvard Bråthen (NRK lydverket), Hans Lukas Hansen (TV2) og meg (NRK).
:) Neida, meg er ikkje meg, men Karl Erik Brøndbo (NRK)

Og eg har fått bekrefta at det er heilt lovleg å blogge denne, så er det fleire som vil ha den så plukk den med deg.

Og her er link til Facebookgruppa:NikonD80 Norway