Viser innlegg med etiketten BERGEN. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten BERGEN. Vis alle innlegg

onsdag 29. august 2007

Er Friele overmalt?

Det kom akkurat kommentar til posten 'På jakt etter DOLK's Friele ' : "friele er overmalt"
Det må ha skjedd i dag (eller no er det vel i går)Eg veit ikkje om eg trur det før eg får sjå det. MEN eg får nok sjå det.
For få dagar sidan viste eg den til venner av meg, så det har skjedd nyleg.Den eg ikkje fann då eg viste dei Friele, var Che Guevara som og var å sjå i Smørsgate.

Che var å sjå fleire stader. Friele har nok ikkje vore på vegger utafor Bergen, og eg kjenner ikkje til at den var å finna andre stader i byen enn under Smørsbroen.
Vel, då blir det jo plass til ein ny DOLK der. Det har jo slått meg i det siste at det begynner å bli smått med veggplass i sentrum no.

Fleire DOLK Lundgren stencils

30.aug.2007
Eg måtte jo sjå det, og jo SLIK ser det ut no

onsdag 11. juli 2007

På jakt etter DOLK s Friele.

Då eg begynte å fotografere tagga vegger var det ikkje lenge før eg fann DOLK. Og då var det gjort. No har eg rett og slett turar der eg leitar etter spor DOLK har sett i byen. (og i ein alder av 47år) Eg veit ikkje, eg vil tru det er meir krevande å jakte elg, for eg kjem stadig over det eg er på jakt etter. Vel, det er nokre DOLK eg gjerne skulle hatt, men ikkje har komme over. Kanhende kjem eg ikkje til å finne desse nokon stad, så det stemmer ikkje at eg nødvendigvis finn det eg jaktar, men eg finn noko.

I dag var eg ute etter Friele.



Klikk på bildet så får du han i stort format.

Eg visste eg ville finne DOLKs Friele under Smørsbroen og tok bussen til Østre Murallmenning.
Der hadde eg allereie funne denne.Den tek eg med, for sjå berre på posituren og sammenlikn med Friele:)



Vel,då bussen passerte Torget fekk eg novel ein glimt av noko som måtte vera ein DOLK mellom Torget og hurtigbåtane, så før eg kunne finne Friele måtte eg tilbake for å sjekke.

Visst var det DOLK





Ok, så var den på plass i SD-kortet, og eg kunne begi meg mot Smørsbroen og Friele.
Nesten framme ved Smørsbroen kjem eg no vel over denne; enda ein Che Guevara



Til venstre i bildet ser du Smørsbroen, og under den veit eg at Friele befinn seg.

Etter at eg hadde fotografert ordføraren, og vore innom Japan Foto for å skaffe meg nokre GB å lagre foto på, gjekk eg for å ta bussen heim.
MEN eg hadde enda meir i vente, for på Narvesen på Torgallmenningen, ja der stod nok ein DOLK i veggen

torsdag 31. mai 2007

Utfordring: SJÅ nærmiljøet ditt.

Alle dei gonger eg har traska forbi kumlokka her i Bergen.

Sett kumlokka har eg ikkje før i dag.

Eg likar så godt den opplevelsen når eg plutseleg ein dag legg merke til og ser slikt eg har hatt rundt meg men knapt registrert var der.

MORALEN BLIR: - gå ikkje med nasen i sky, for då ser du berre Ulriken, Fløyen og rådhuset.



Eg utfordrar alle som besøkjer bloggen til å stille blikket på makro og sjå det du har like rundt deg. Legg ein link under her då dersom du legg noko nyoppdaga i bloggen din :) så eg får kikke innom og sjå.



Og eg utfordrar Mettepia, Tiril sol , Petunia, Grethe Kristin