Viser innlegg med etiketten MADE BY TONE. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten MADE BY TONE. Vis alle innlegg

måndag 14. mai 2007

søndag 6. mai 2007

Plukke favorittar

Acryl på akvarellpapir

No har eg vore tre månader på Flickr,og i dag er første gong eg har sett denne teksten under eit foto:"1 person counts this photo as a favorite" og meir skulle det ikkje til for at biletet får sin plass i Allrommet :)
Meir skulle det heller ikkje til for at eg skulle farte rundt på Flickr og finne mine favorittar.
Eg har berre brukt Flickr som lagringsplass for foto, men dette gav meg puffet ut i alle dei vakre bildene.
Så tipset er : har du Flickr konto, så plukk favorittar.
Og om du ikkje alt brukar Flickr, så går det an å prøve ein gratiskonto hvis det fristar.
Det som vart litt overraskande for meg var å sjå i kor stor grad bildene endra seg då dei kom i favorittsamlinga saman med andre foto enn der eg fann dei. Dei vart faktisk enda vakrare.

søndag 1. april 2007

'Fantasi along 4'

Tema 3 utkast 3

...

Utkast 3detaljar


Klikkar du på raud knapp finn du ei veske til. Den er strikka etter samme mønster. Men med Safir garn. Denne er burgunder, men fotoet lyg.
Med garn frå hemmeleg venn i den grøne veska og ei veske i mars fargen er 3 alongar representert i oppgåveløysinga.

Eg fann mønster til denne veska i Familien nr.5 2007 , men har gjort nokre endringar. Kantane på hanken har eg strikka på samme måte som eg strikka kantane på denne jakka
Teknikkar:
-strikk
-toving
-nålfilting
Materiale:
-Veska er strikka i Finull (Husfliden) pinne nr.6, og nålfilta med Merino (Panduro)
Mål: Før toving,etter 1.toving og etter 2.toving
hank,br.:cm (5) 4,5 (4)
veske+lokk:cm (46) 42,5 (37)
br.øvre,veske:cm (30) 27 (24)
nedre,veske:cm (41) 39 (32)
br,øvre,lokk:cm (23) 21 (17)
lengd,lokk:cm (23)22,5 (19)
Kor mykje veska tovar/krympar vil variere frå maskine til maskine og det avheng av kva temperatur du brukar.
Nålfilting: Eg nålfilta denne veska etter første toving For å lage desse "ballane" stramma eg ulla eg filta slik at det etter ny toving danna seg "ballar" Eg vil seinare lage ein post der eg viser litt meir om nålfilting.

Har du spørsmål finn du mi e-post adresse i profilen min.
.
mÅNEDENS FARGE I MARS

onsdag 21. februar 2007

'Quiltede postkort' - allong Hobbyboden - februar 2007


Dette kortet sende eg til -Rita- This is the card I sent to -Rita-



Det er første gongen eg deltek i 'Quiltede postkort' along. Eg brukte mykje tid på kortet, men eg ser slett ikkje bort frå at eg melder meg på neste gong og. Det var kjekkt å lage kort til andre, og å vita at nokon sat og laga eit kort til meg og.


Ein del frustrasjon var det på vegen der eg ikkje såg for meg at det ville bli noko kort av dette i det heile. Vel trass i frustrasjon vart det etterkvart noko som eg tilslutt valde at no må eg bestemme meg for at det er ferdig.


- Ja, så no er eg egentlig klar for neste runde.