onsdag 16. januar 2008

EG HAR FLYTTA

Eg flyttar frå ALLROMMET til 'JORDBÆR & PIGGTRÅD' no.
Stikk innom ein tur vel, eg har ikkje fått så mykje på plass enda, men det kjem etterkvart.

fredag 4. januar 2008

2007 VAR

2007 var året då
- vi feira Elisabeths 50 år
- og mors 80
- Hannah Malenes barnedåp
- og Hild Elins konfirmasjon

2007 var året då
- eg kjøpte D80
- og då eg lærde ein god del data
- i februar laga eg min første blogg
- og i juni oppdaga eg byens gatekunst.

2007 var året då
- eg las 'Ut og stjæle hester'
- og Valla gjekk av som LO leiar

2007 var året då
- Dagskolen vart lagt ned
- og eg bestemte meg for at no må eg nok etter snart 20 år seie farvel til Toyotaen.

2007 var året
- då gullet kom hem
- og Knut fekk fast jobb på Haukeland

2007 var året då
- Lille Lungegården var full av kloakk
- og byen fekk Frp ordførar

2007 var året då
- eg ikkje pynta til jul, og var bortreist til over nyttår

2007 var året då
- Folket i Burma...
- ...kva føregår i Burma no?

2007 var året då
- eg kjøpte mitt første busskort
- og tildelinga av fredsprisen var begrunna med innsats for miljøet.

2007 var året då
- Noreg ikkje lenger var verdas beste land å bu i
- og eg fekk det ikkje verre av den grunn.

2007 var året då E.Solheim vart dobbeltminister

2007 var året
- då eg måla mindre enn året før
- og fotograferte meir