...
Klikkar du på raud knapp finn du ei veske til. Den er strikka etter samme mønster. Men med Safir garn. Denne er burgunder, men fotoet lyg.
Med garn frå hemmeleg venn i den grøne veska og ei veske i mars fargen er 3 alongar representert i oppgåveløysinga.
Eg fann mønster til denne veska i Familien nr.5 2007 , men har gjort nokre endringar. Kantane på hanken har eg strikka på samme måte som eg strikka kantane på denne jakka
Teknikkar:
-strikk
-toving
-nålfilting
Materiale:
-Veska er strikka i Finull (Husfliden) pinne nr.6, og nålfilta med Merino (Panduro)
Mål: Før toving,etter 1.toving og etter 2.toving
hank,br.:cm (5) 4,5 (4)
veske+lokk:cm (46) 42,5 (37)
br.øvre,veske:cm (30) 27 (24)
nedre,veske:cm (41) 39 (32)
br,øvre,lokk:cm (23) 21 (17)
lengd,lokk:cm (23)22,5 (19)
Kor mykje veska tovar/krympar vil variere frå maskine til maskine og det avheng av kva temperatur du brukar.
Nålfilting: Eg nålfilta denne veska etter første toving For å lage desse "ballane" stramma eg ulla eg filta slik at det etter ny toving danna seg "ballar" Eg vil seinare lage ein post der eg viser litt meir om nålfilting.
Har du spørsmål finn du mi e-post adresse i profilen min.
.



